Nyheter

No like før jul har Sparebankstiftinga SR-bank delt ut gåver til 23 ulike lag og organisasjonar, og Follesø musikklag og Asketun var nokre av desse heldige.
Stiftinga jobbar med at me saman skal skape gode lokalsamfunn som er inkluderande, trygge, robuste og bærekraftige.
Gåvene me fekk er:
50 000 kr - Follesømarsjen
Desse midlane skal gå til å komponere ein ny versjon av Follesømarsjen, der me bruka lokale krefter for å laga den.
15.000 kr - For alle
Desse midlane skal gå til at alle skal ha høve til å delta i korpset uavhengig av økonomi.
13.000 kr - Julearrangement
Desse midlane vart gitt til Asketun, musikklaget sitt hus, til å arrangera julearrangement. Den 8.desember blir det juletrefest på huset frå kl 14-16. Der blir det flott julemusikk frå ensemble i korpset, basar og kaffi og kaker.
Vel blåst adventskonsert
1.desember hadde me adventskonsert i Strusshamn kyrkje, og me vil takke for ei hyggeleg stund. Håpar folk sit igjen med litt ekstra juleglede i tida opp mot jul.
Tusen takk til Oddvar Nøstdal, som har funne fram eit flott program, og dirigert oss så flott gjennom øvingane og konserten.
Robin Monsen skal og ha takk som var med oss som solist på saksofon på to stykker.
Vi vil og takke Lars Monsen Tveit som var med som konfransier, og las opp tekst.
Og sist, men ikkje minst: tusen takk til Simone Kartveit som var sangsolist, men og spelte duett på flygelhorn i lag med Eline Rønneberg, på trombone.
Og mest av alt tusen takk til publikum som kom for å høyra på. Det hadde ikkje vore noko konsert utan dykk.
Årets ildsjelpris til Robin Dale Oen
Stiftinga Sparebank SR-Bank setter umåteleg stor pris på den innsatsen alle me gjer i kvardagen, og under tildelinga av gåver vart det og gitt ut Årets ildsjelpris. Den gjekk til Robin Dale Oen for sin betydelege innsats for barn og ungdom gjennom Dalen Oen Experience, som han grunnla for bror sin Alexander.
Dei skriv at Robin har ei unik emne til å skape trygge og inkluderande miljøer, der ungdom kan utvikle seg på sine eigne premiss. Vidare skapar han eit felleskap der alle blir sett og høyrt. Tallause ungdomar har fått verktøya dei treng til å overkome utfordringar, drøyme stort og bidra til samfunnet på ein meiningsfull måte. Han er difor ein verdig vinnar for årets pris ildsjelpris.
Prisen vart delt ut av banksjef Anne Line Gamlemshaug i Sparebank 1 Sør-Norge på vegne av styret i Sparebankstiftelsen SR-bank.